Elektrikar
I samband med aukande oppdragsmengd søkjer vi etter fleire elektrikarar til vår avdeling på Voss. Avdelinga har 49 tilsette og ei omsetning på om lag 80 millionar kroner. Oppdraga er hovudsakleg i området Voss, Ulvik og Eidfjord. I Bravida Voss jobbar vi innanfor fleire ulike segment, som til dømes næringskundar, service, større prosjekt og privatkundar.
I Bravida Voss har vi mange engasjerte og positive kollegaer som bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø!
Arbeidsoppgåver
Som elektrikar i Bravida arbeider du sjølvstendig i ulike typar oppdrag for bedrifts- og privatmarknaden, store som små. I jobben får du både planleggje, samordne og utføre oppdrag. Arbeidet inneber både teknisk problemløysing og kontakt med kundar. Du vil òg ha ansvar for at kvart oppdrag er i tråd med våre høge krav til kvalitet og tryggleik. Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Planlegging og gjennomføring av ulike installasjonar på ein effektiv måte
- Utføre installasjonar fagleg og forskriftsmessig riktig
- Dokumentasjon av oppdraga
- Dokumentasjon av endringsarbeid og tilleggsarbeid
- Ansvar for framdrift i ulike oppdrag
- Utgreiingar/feilsøking av tekniske system
- Meirsal mot kundar
- Kommunikasjon med kundar og serviceleiar
- Syne ansvar for eiga og andre si tryggleik – ha ansvar for god HMS-kultur
Kvalifikasjonar
- Fagbrev elektrikar gr. L
- Erfaring frå servicearbeid/prosjektarbeid er ein fordel
- Fordel med fleire fagbrev innan elektro
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Du har fagleg stoltheit og held kunnskapen og evnene dine ved like
- Du er sjølvstendig og jobbar strukturert og systematisk
- Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du er påliteleg og ansvarsmedviten
- Du samarbeider godt og er ein lagspelar
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk
Bravida tilbyr
- Ei stilling i eit solid selskap med høgt kvalifiserte kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg vidareutvikling
- Konkurransedyktige lønsvilkår
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode system som hjelper deg i arbeidskvardagen
- Eit uformelt og sosialt arbeidsmiljø
Interessert?
Vi ser fram til å ta i mot søknaden din! Søknadsfrist er sett til 17.08.2025. Vil du vite meir om korleis det er å jobbe hos oss, kan du følgje oss på sosiale medium og besøkje heimesida vår.
Kontaktpersoner
Ørjan Gjeraldstveit
Avdelingsleder
orjan.gjeraldstveit@bravida.no +47 489 95 801Kathrine Waardal
HR Business Partner
kathrine.waardal@bravida.no +47 934 16 631